Bokmelding på Karis bokprat

På et eller annet tidspunkt synes det som om fantasi, fiksjon og virkelighet kolliderer, slik at skillene mellom liv og diktning, virkelighet, drøm og fantasi viskes ut. Også språket blir utfordret. (…)

Med sin foruroligende stemning kan boka kanskje minne litt om Juan Rulfos bok Pedro Páramo, hvor fortelleren etter hvert skjønner at alle personene i byen er døde, inkludert ham selv. (…)

Sofia er ingen enkel tekst. Selv om boka er lett å lese, er det mye motstand i teksten. Handlinga er tidvis uhåndgripelig og innimellom er det veldig vanskelig å forstå hva som skjer. Her gis ingen klare svar og dermed blir det opp til leseren å fylle inn de tomme plassene i teksten. Jeg likte boka veldig godt!Sofia er en vakker liten perle av ei bok som anbefales for alle som liker de litt mer avanserte fortellingene. Jeg gleder meg til Sigrids neste roman! (…)

Kari Brenden-Bech, Karis bokprat (www.karisbokprat.wordpress.com)

Bokmelding i Dag og Tid

Sofia«Eg-personen er ikkje heilt lett å verta klok på, derimot trur eg ein kan verta klok av henne, for ho eksisterer heldigvis i ein god og interessant roman. Språket er stilreint, mjukt og presist, og slik ho ordlegg seg, vert ho spennande for lesaren, særleg ved alt ho ikkje nemner. (…) Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen, som er stykkja opp i mange små og nokre litt større tekstbitar. Ein observasjon av to gamle menn set fantasien i sving både hjå hovudpersonen og lesaren, og nokre av draumesekvensane er rett og slett nydelege, der det irrasjonelle tykkjest naturleg, og progresjonen er vilkårleg, utan instruks og innvending frå fornufta. Og litt etter litt, utan synlege grep frå forfattaren, utviklar romanen seg, det veks fram ein slags samanheng, ei rørsle i det tilsynelatande statiske, ein lengt etter nærleik, og kanskje ansvar, men teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén i Dag og Tid, 26.april 2013.

 

Ei bok i påsken

Ungane eg trefte på turneen med Bok-og kulturbussen spurde om det finst fleire bøker om Detektiv Smartbart.

Snart finst det, kunne eg heldigvis svare, utan å snakke usant. For no i påsken passar det ekstra godt å finpusse på neste bok om familien Korneliussen, som denne gongen er på ferie.

Jaja, dei om det. Nokon må jo vere heime og skrive om det.

Detektiv Smartbart

– Korfor sei du «HO som har laga teikningane i boka?» Det er jo DU som har gjort det! (Oppmerksam lyttande tredjeklassing)                              

Nei, det er ikkje eg. Det er Åshild Irgens. Og for nokre fine illustrasjonar, ho har laga. Strålande er dei!

Framandgjeringa

«Kvifor skriv du bøkene dine på nynorsk?»

Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har fått det spørsmålet. Nesten aldri frå barn og unge. Mest frå journalistar og andre vaksne som strengt tatt burde vite betre.

Det er då eg skal sitere Jon Fosse:

”Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?”

Og så gjer eg det. I likskap med mange andre nynorskbrukarar. Det er mantraet vårt. Men for ein nynorskbrukar som meg held det faktisk ikkje. På trumfkortet til den som så gjerne vil vite det uforståelege i nynorsken min står det: «Er ikkje du oppvaksen i ein bokmålskommune, hadde ikkje du bokmål som opplæringsmål, til og med som hovudmål? Stemmer ikkje alt dette? Og kva har du å seie til ditt forsvar?»

Og så forsvarer eg meg no så godt eg kan. Sikkert på ulike vis, alt etter høvet. Finn på ting som kan få brotsverket mitt til å verke mindre alvorleg. (Brotsverket er at eg opptar hylleplass i bokhandel og bibliotek, spalteplass i aviser, fleire sider i oppgåvesett til eksamen, tillet meg å søke på statlege stipend, lurer folk til å opne ei nynorsk bok, osv.)

På nettsidene til Språkåret 2013 er eg og ein annan nordnorsk forfattar oppført som eksempel på nynorskbrukarar frå nettopp denne lite nynorskbrukande landsdelen, til inspirasjon for dei som har lyst til å sette fokus på akkurat dette i høve Språkåret: «Mange nordnorske forfattarar som kjenner på ei slags språkløyse, finn ofte ei klarere stemme i det nynorske skriftspråket, ei stemme nærare deira eige talemål.»

Velmeint nok, men eg kjenner meg ikkje heilt igjen. Eg har ikkje bevisst vald å skrive nynorsk på grunn av språkløyse eller uklår tale. Nynorsk ER språket mitt, like mykje som bokmål ER det. Til og med som den skarve engelsken, tysken, spansken, fransken eg har tilegna meg gjennom livet er det. Det er rikdom eg har arva gjennom oppvekst, skolegang, utdanning, livet eg har levd. Treng det å vere nokon annan grunn enn det? Treng alt å handle om ein politisk konflikt mellom to skriftvariantar av talt norsk? Eg gidd ikkje la meg tvinge til ei kunstig polarisering. Eg er lykkeleg mangespråkleg. Kva med å innsjå at språk er kultur og språkleg mangfald er berikande og ikkje innskrenkande? Kva med å la fleire ungdommar få oppleve det slik, heller enn å fortelje dei at språk er så vanskeleg at det får dei ikkje lov til å lære på skikkeleg vis (jfr. forslag til ny læreplan for norskfaget.)

Eg er også lei av å forklare for «dei ekte nynorskingane», kvifor eg bruker språket «deira». Korleis det kjennest? Slik som når du aller nådigst ein gong i livet bad om å få bli inkludert i ei allereie etablert gruppe av ungar som hoppa strikk eller tau eller leikte sisten, om du hugsar det. Slik er det. Må eg verkeleg forklare kvifor Aasen valde namnet Landsmaal ein gong i tida på det som jo var det mest demokratiske språklege løftet ever, liksom?

Eg har presentert tekstane mine for vaksne, unge, eldre. Då er det likegyldig i kva målform dei er. Opplesinga, opplevinga og dialogen funkar. Og lesarar kjem til meg og fortel at dei liker tekstane mine, og har hatt stort utbytte av dei. Eg høyrer ikkje noko om at det er feil på språket eller at dei ikkje forstod det. Slik er det no berre.

«Men trur du ikkje at du får seld fleire bøker om du ikkje skriv nynorsk?» Igjen denne polariseringa. Sal, ikkje sal. Pengar, ikkje pengar.

Alt som ikkje lar seg forklare.

Sånn skolebuss skulle vi hatt!

Senja-turnéen med forestillinga om Detektiv Smartbart er over, og konklusjonen er: varmt mottatt på alle stoppestadene. Så mange ivrig lyttande 1.-5.klassingar gjer inntrykk på ein forfattar. Engasjerte spørsmål hadde dei også førebudd. Eit av svara mine blei formulert slik: «Noko som har  inspirert meg til å bli forfattar er sannsynlegvis alle bøkene eg las som unge». Det i seg sjølv håper eg kan gi inspirasjon til å lese, og sjølvsagt til å bruke biblioteket. Også det som av og til kjem rullande på hjul inn på skoleplassen.

Ofte høyrt dei siste 4 dagane: «Sånn skolebuss skulle vi hatt!»

Bok- og kulturbussen Interiør / Klar til forestilling i bussen

SMHEksteriør I

SMHEksteriør II

Berg

Ingen treng å vere i tvil: Dette funkar! Åpen skole og bibliotek på kveldstid i Senjahopen. 

Les meir om Bok- og kulturbussen i Sør-Troms (som blei nominert til årets bibliotek i 2012): norskbibliotekforening.no

På hjul før påske

Bok- og kulturbussen i Sør-Troms er på hjul no like før påske, og i dag var det Rossfjord skole (som rett nok ikkje ligg på Senja) som fekk besøk. Bussen er supersmart innreidd med sitteplassar for publikum og projektor, ein flott formidlingsarena. I tillegg er det utlån av bøker, lydbøker, musikk og film. bussen pÃ¥ senj

Nynorsk i Nord-Noreg

Nettstaden http://www.språkåret.no foreslår fleire typer arrangement og forfattarar i Språkåret 2013. Her er eit av dei:

Nynorsk i Nord-Noreg: Eva Jensen og Sigrid Merethe Hanssen

Samtale/foredrag/skulebesøk i vidaregåande

Ingen nordnorske skulekrinsar har nynorsk som førstespråk. På tross av at nynorsken ikkje er høgt prioritert i skulen i Nord-Noreg, er det temmeleg vanleg for nordnorske forfattarar å velja seg nynorsk som skrivespråk. Nordnorske forfattarar som kjenner på ei slags språkløyse, finn ofte ei klarere stemme i det nynorske skriftspråket, ei stemme nærare deira eige talemål. Eva Jensen og Sigrid Merethe Hanssen er to nordnorske forfattarar som med hell har vald nynorsk som skrivespråk.

Eva Jensen kjem frå Salangen og debuterte i 1984 med Dikt og tekstar. Ho har i alt gjeve ut eit titals bøker, både barnebøker, lyrikk og romanar. Ho har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, blant dei KKDs debutantpris for barne- og ungdomslitteratur, Blixprisen og Samlagsprisen.

Sigrid Merethe Hanssen er frå Lenvik og debuterte med novellesamlinga Sprang i 2007. Etter det har ho gjeve ut ei novellesamling og ei barnebok. Hanssen har motteke Blixprisen og Sigmund Skard-stipendet for bøkene sine.

På tide

Når ISBN-sjokket har lagt seg, eit par intervju er unnagjort og romanen er søkbar i nettbokhandlane (med forventa leveringstid eit par månader fram i tid) er det på tide å begynne på eit par nye bøker: Ein roman og ei novellesamling. Eller omvendt.

Sailings

Det må ha vore underleg. Ei slik reise. Legge ut frå Kristiania. Ingen returbillett. Før det ha reist til Trondhjem. Og før det ha reist frå Lenvik i Troms. Ei jente åleine. Nitten år. Aldri ha reist nokon stad før. Det er i juli 1916. Det er nordnorsk sommar. Ho kjem til Kristiania nokre dagar seinare. Ein annan slags sommar. Varmen. Husa. Gatene. Ho går ombord i den store dampbåten Kristianiafjord. Over Atlanteren. Fleire veker på havet. (Ho vaks opp på innlandet). Og så ein dag. Statue of Liberty. Ellis Island. New York. New York. Og så begynne derifrå. Det må jo ha vore underleg.

Finnsnes 1928

Finnsnes, Lenvik i Troms

Kristianiafjord

udatert_ca_1900_tall_annonse

Kristianiafjord_første_tur_1913

Menn på Kristianiafjords første tur i 1913. Mellom dei Kong Haakon VII

Kjelde: lokalhistoriewiki.no

Bokkveld i Harstad

Harstad og omland mållag har invitert meg til bokkveld, onsdag 5.desember, i biblioteket i Harstad kultuhus. I siste nummer av medlemsbladet med namnet Måltrasten, er bøkene mine presenterte. Det står mykje interessant å lese i bladet om målarbeid før i tida og planane framover for språkåret 2013.

Harstad kulturhusHarstad kulturhus

Harstadbyen har mange fine ting, i tillegg til dette kulturbygget. Ein gong i året, i juni, er den festspillby, men kvar morgon møtest nord- og sørgåande hurtigrute til morgonkaffi ved kaia, klokka 8. Litt utanfor sentrum ligg Trondenes Historiske Senter og Trondenes kyrkje, verdas nordligste steinkyrkje frå mellomalderen.

Gevinsten

På Språkdagen 2012 kan vi lese i ein artikkel på http://www.nrk.no at:

«Personer som bruker begge målformer er mer kreative og har større språklig bevissthet. Dette fører til at de lettere tilegner seg fremmedspråk.»

«Internasjonal forskning har vist at personer som bruker flere språk, blir bedre til å oppfatte språklige uttrykk. Den nye undersøkelsen fra NTNU viser at personer som skriver både nynorsk og bokmål, også får disse gevinstene.

Kunne ikkje vente

Kunne ikkje vente

Det er ei kjent sanning at ein ikkje kan få alt til jul. Heller ikkje denne boka. Men ein gong ut i det nye året. Då blir den første romanen min, Sofia, gitt ut. Eg sender manuskriptet frå meg ganske snart. Og når eg får det tilbake i bokform, ser framsida slik ut:

Omslaget er det svært dyktige Stian Hole som står for, og det er så fint og klokt at eg berre måtte få vise det fram. Det gode med alle sjangrane i litteraturen, er at ein kan kjenne seg som debutant igjen, når ein prøver seg på ein ny. Etter ei re-debutering med barnebok i fjor, kan eg no sjå fram til å debutere på nytt i 2013, som romanforfattar. Gler meg. Gruer meg. Gler meg.

 

 

Vintersang

Hør i Wimp

VINTERSANG (tekst: Sigrid Merethe Hanssen – melodi: Silje Nergaard)

kom kjære se et eventyr
månen skinner her i kveld
over vinterhav og fjell
uendelig
vakkert som sølv

din hånd skal være varm hos meg
kom la oss danse over snø
se den glitrer som en sjø
et stjernehav
lyser for oss

kom og bli med – se
at under kan skje – et lys er på vei
det skinner for deg
la meg vise deg at mørket kan bli lys på ny

i dine øyne speiler månen seg
og frosten kysser dine kinn
kom la oss finne veien inn
vår hemmelighet
den venter på oss

vær ikke redd for mørket mer
vår lange natt er snart forbi
under snø fins også liv
vidunderlig

kom og bli med – se
at under kan skje – et lys er på vei
det skinner for deg
la meg vise deg at mørket kan bli lys på ny

(c) Sigrid Merethe Hanssen

[Melodi: Silje Nergaard/Silje Nergaard: If I could wrap up a kiss, 2010]

«Veinte på en båt»

Frå programmet til ARVID HANSSEN-FESTIVALEN 2012:

«TORSDAG 8. nov kl 12:00 Lenvik Folkebibliotek

BOKBAD Dagane før mai –  forfatteren Sanne Mathiassen i samtale med Sigrid Merethe Hanssen

Sanne Mathiassen (f. 1983) fra Trollvik utenfor Finnsnes er debutant av året med boka Dagene før mai utgitt på Cappelen forlag, januar 2012.

Bokas hovedperson er en ung jente fra en bygd i Nord-Norge. Faren er savnet i en båtulykke, kjæresten har dumpet henne og moren er fjern av sorg. En dag dukker ensomheten opp, og han nekter å gå sin vei. I denne stilistisk stramt komponerte kortromanen blandes det absurde med det realistiske og skaper en helt spesiell atmosfære».

Augusti

”Jag älskar gränser. Augusti som är gränsen mellan sommar och höst är den finaste månad jag vet. (…) Skymningen är gränsen mellan dag och natt, och stranden är gränsen mellan hav och land. Gränsen är förväntan: när bägge är förälskade och ingenting är sagt. Gränsen är att vara på väg. Det är vägen som är viktig.” (Tove Jansson)

Linjer og avtrykk

Hausten 2007, same året som eg var skjønnlitterær debutant, takka eg ja til å halde
foredrag på eit seminar under Arvid Hanssen-festivalen på Finnsnes. Lyrikken
skulle stå i sentrum og oppgåva mi var å knytte linjer mellom eigen forfattarskap
og poesien til far min. Det var ei stor ære som debutant å bli kalla forfattar,
og ei endå større ære at den eine boka mi blei kalla ein forfattarskap.
Likevel: det var ikkje vanskeleg å finne desse linjene og avtrykka, for meg var
dei godt synlege og lette å formidle vidare. Same dagen, eit par timar seinare, var eg mottakar av
Blix-prisen under Nordnorsk bokdag, 26 år etter at far min blei tildelt same
prisen. I 2012 er forfattarskapen min heldigvis eit større faktum, og består av
to novellesamlingar, ei barnebok og snart den første romanen, i tillegg til
songtekstar på dei to siste platene til Silje Nergaard. I dag ville far min ha fylt
80 år, og gjennom året har det vore, og skal vere, mange fine arrangement og
markeringar med forfattarskapen hans i sentrum, gode teikn på at rik litteratur
framleis skaper avtrykk i mennesket.

Brev til klimagenerasjonen

«En snuoperasjon i bokform.

En annerledes bok om klimakrisen, som rommer både dikt og noveller, kunst, satire og provokasjoner, essayistikk, samfunnskritikk og reportasje, foto og tegneserier.

Boken er et Norsk klimanettverk-prosjekt, med utgangspunkt i et voksende folkelig engasjement for en klimavennlig snuoperasjon i olje- og energipolitikken. Bøkene er trykket på avkapp fra andre bøker, alle utgaver er derfor forskjellige og de har hvert sitt helt unike omslag.»

(Les meir på nettsidene til Cappelen Damm.)

Mitt bidrag til denne boka er teksten: «Ikkje slik det skal vere». (Illustrasjonen på neste bokside er av Sverre Malling: Converse (Venom), kull på papir, 2007.

Teksten min på Rockefeller

I Bokprogrammet NRK 7.februar snakka Håvard Rem om den nye boka si 30 40 50. Boka blei lansert med ein konsert på Rockefeller 8.februar:

(…) hans første rene diktsamling på 18 år. “30 40 50” består av 400 sider med dikt og sangtekster som beskriver livet fra trettiårene inn i femtiårene. Ingen av diktene har tidligere kommet i bokform, men noen av dem har vært tatt i bruk som sangtekster.

Silje Nergaard var ein av artistane på konserten, ho framførte «Det var for sent». Den andre songteksten eg har skrive for henne. På mange måtar veldig fint å tenke på at teksten min fekk vere med å markere akkurat denne boka: 30 40 50 – ja, men ikkje for seint.

Songen er med på Silje Nergaard si nyaste plate: Unclouded. Den kjem i mars.

Håvar Bendiksen

Gitarplate

9.mars kjem Silje Nergaard med ny plate: Unclouded. Platekompaniet beskriv plata slik:

Den populære jazzvokalisten samarbeider denne gang tett med sine faste gitarister Håvar Bendiksen og Hallgrim Bratberg, og har i tillegg invitert flere av sine øvrige favorittgitarister – alle med hver sin unike stil – inn i studio. Blant de profilerte gjestene finner vi størrelser som John Scofield og Knut Reiersrud.

Mitt bidrag er teksten til spor 7: «Det var for sent». Komponisten er Silje Nergaard. 

| Merket med

Vintersang i Korea

No er det snart jul igjen. Og då kjem gjerne julemusikken fram, i lag med alle nissane. I fjor var eg så heldig å ha ein tekst (Vintersang) på Silje Nergaaard si juleplate. Og då vil eg gjerne dele denne meldinga eg fann i Koreatimes, ei nettavis eg berre sjeldan er innom:

Silje Nergaard
`If I Could Wrap You Up in a Kiss’
(Sony Music Korea)

Norwegian singing sensation Silje Nergaard offers a softer side of the holiday season with her charming lounge vocals. The artist’s first Christmas album reflects ― not the cliché caroled version ― but a classic edition. Bypassing the traditional, religion-tinged songs, Nergaard explores her compositional skills with four original tracks. The title-track is a clean, romantic ballad, while «Vintersang’’ provides the mostly English-singing artist to work in her native tongue.

The effect is not lost, however, with the smooth Norwegian lyrics, while legends Paul McCartney and Joni Mitchell are seen via poppy covers. The release maintains a steady tempo throughout, perfect for indoor nights, closing with Nergaard’s own «A Christmas Wish.’’

 

 

Ein heil dag med barnebøker

At kommunestyresalen i Lenvik rådhus blir brukt til å presentere årets barnebøker, er ganske fint å tenke på. Dei som hadde meldt seg på årets Barnebokforum fekk ein heil dag i lag med litteraturen. Fleire litteraturformidlarar gav smakebitar frå alle dei flotte bøkene for barn og ungdom som er gitt ut i løpet av året. Det var også godt høve til å bla i bøkene i utstillinga til Lenvik folkebibliotek.

Samisk bibliotektjeneste ved Edel Olsen presenterte nye samiske barnebøker, nokre av dei også tospråklege (samisk og norsk tekst).

rådhuset

utsikta

Ei gåte sist i boka

I Avisa Valdres, 26.11.2011, skriv Margunn Søyland Nesbakken:

Boka er morosam, og det er spennane å sjå koss Hagbart løyser sakene, oftast til beste for seg sjølv! Det dukkar opp ei gåte sist i boka som ikkje vert løyst, så det kjem sikkert fleire bøker om Detektiv Smartbart…Boka er illustrert med klare, artige teikningar.

Ein liten del av den nynorske kulturhistoria

Sigrid Merethe Hanssen, lektor og forfattar av novellesamlingar om avgjerande opplevingar i livet og mangel på kommunikasjon.

Sitatet er frå artikkelen om meg på  www.allkunne.no, eit nynorsk digitalt oppslagsverk eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum.

Nettstaden må ikkje må forvekslast med Norsk Allkunnebok som kom ut på Fonna forlag i perioden 1948-1966.

Blix og nye bøker i Narvik

Frå programmet til nordnorsk bokdag i Narvik, 19.november:

Velkommen til feiring av årets nordnorske bøker og bokaktuelle forfattere!

 

Narvik Bibliotek:

12.00: Utstillingsåpning: Nasjonalbibliotekets vandreutstilling ”Elias Blix 175 år”, og utstilling av elevarbeider basert på bokdagens barnebokforfattere.
12.30: Catharina Fors forteller om vennskap (for barn 4-5 år)
13.00: Ingeborg Arvola, Jan Tore Noreng, Sigrid Merethe Hanssen og Asbjørn Gildberg leser (for barn ca  6-12 år)
Resten av programmet finst HER 

Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Ein dag, heilt i starten på ein lang og fin ferie, vakna Hagbart av eit digert brøl. Det var ikkje hans eige brøl. Ikkje kom det frå dei to eldre søskena, Sigvart og Esmeralda, heller. Det var far deira, Kyrre Korneliussen, som brølte. Faren har visstnok sett seg lei på alt skrotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask, og alle spor peikar i retning av Hagbart. Ei klar sak for den hemmelege Detektiv Smartbart!

Boka kjem på Samlaget i september og er illustrert av Åshild Irgens.