Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Ein dag, heilt i starten på ein lang og fin ferie, vakna Hagbart av eit digert brøl. Det var ikkje hans eige brøl. Ikkje kom det frå dei to eldre søskena, Sigvart og Esmeralda, heller. Det var far deira, Kyrre Korneliussen, som brølte. Faren har visstnok sett seg lei på alt skrotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask, og alle spor peikar i retning av Hagbart. Ei klar sak for den hemmelege Detektiv Smartbart!

Boka kjem på Samlaget i september og er illustrert av Åshild Irgens.

Reklamer