Linjer og avtrykk

Hausten 2007, same året som eg var skjønnlitterær debutant, takka eg ja til å halde
foredrag på eit seminar under Arvid Hanssen-festivalen på Finnsnes. Lyrikken
skulle stå i sentrum og oppgåva mi var å knytte linjer mellom eigen forfattarskap
og poesien til far min. Det var ei stor ære som debutant å bli kalla forfattar,
og ei endå større ære at den eine boka mi blei kalla ein forfattarskap.
Likevel: det var ikkje vanskeleg å finne desse linjene og avtrykka, for meg var
dei godt synlege og lette å formidle vidare. Same dagen, eit par timar seinare, var eg mottakar av
Blix-prisen under Nordnorsk bokdag, 26 år etter at far min blei tildelt same
prisen. I 2012 er forfattarskapen min heldigvis eit større faktum, og består av
to novellesamlingar, ei barnebok og snart den første romanen, i tillegg til
songtekstar på dei to siste platene til Silje Nergaard. I dag ville far min ha fylt
80 år, og gjennom året har det vore, og skal vere, mange fine arrangement og
markeringar med forfattarskapen hans i sentrum, gode teikn på at rik litteratur
framleis skaper avtrykk i mennesket.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s