Nynorsk i Nord-Noreg

Nettstaden http://www.språkåret.no foreslår fleire typer arrangement og forfattarar i Språkåret 2013. Her er eit av dei:

Nynorsk i Nord-Noreg: Eva Jensen og Sigrid Merethe Hanssen

Samtale/foredrag/skulebesøk i vidaregåande

Ingen nordnorske skulekrinsar har nynorsk som førstespråk. På tross av at nynorsken ikkje er høgt prioritert i skulen i Nord-Noreg, er det temmeleg vanleg for nordnorske forfattarar å velja seg nynorsk som skrivespråk. Nordnorske forfattarar som kjenner på ei slags språkløyse, finn ofte ei klarere stemme i det nynorske skriftspråket, ei stemme nærare deira eige talemål. Eva Jensen og Sigrid Merethe Hanssen er to nordnorske forfattarar som med hell har vald nynorsk som skrivespråk.

Eva Jensen kjem frå Salangen og debuterte i 1984 med Dikt og tekstar. Ho har i alt gjeve ut eit titals bøker, både barnebøker, lyrikk og romanar. Ho har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, blant dei KKDs debutantpris for barne- og ungdomslitteratur, Blixprisen og Samlagsprisen.

Sigrid Merethe Hanssen er frå Lenvik og debuterte med novellesamlinga Sprang i 2007. Etter det har ho gjeve ut ei novellesamling og ei barnebok. Hanssen har motteke Blixprisen og Sigmund Skard-stipendet for bøkene sine.

Reklamer