Bokmeldingar

Utdrag frå ein del av bokmeldingane:

SOFIA

«Sigrid Merethe Hanssen får fram tvetydigheten i både tanker, ord og gjerninger hos karakterene sine. Til og med omgivelsene, som skildres så godt at jeg snarere opplever dem enn ser dem for meg, har en dobbelthet ved seg. Alle lysglimt kommer med en skygge. Til tross for at boka utforsker den farlige gråsonen mellom fantasi og virkelighet, blir den aldri tung og dyster. Melankolsk så det holder, men aldri dyster. I Sofia balanserer Hanssen det vakre og vanskelige på en nydelig måte. Det er bare å la seg fortrylle og forvirre av denne boka, som både er lys, varm, mørkegrå og bekmørk, men aldri svart-hvit.» Live Lundh i Vårt Land 2013.

«Det som imponerer mest er språket. Det er presist, det er poetisk – går det an å seie at det er gjennomlyst? Det passar som hand i hanske til den både registrerande og flyktige teksten.» Bjarne Tveiten i Fedrelandsvennen, 30.april 2013. (Terningkast 5)

«Presist språk og solid grep om ei skrivande kvinne som sjølv mistar grepet. (…) Det går frå varmt Hellas-tilvere til kald vinter. I utkanten av historia veks det høgrenasjonalistiske partiet i Hellas og i sentrum av historia slepp kvinna mobiltelefonen sin i havet og isolerer seg ytterligare frå verda. Landet er i oppløysing og livet til kvinna smuldrar opp. Hanssen er god til å skrive fram denne underliggande spenninga.» Elin Lindberg i Nordnorsk Magasin, 4-2013.

«Eg-personen er ikkje heilt lett å verta klok på, derimot trur eg ein kan verta klok av henne, for ho eksisterer heldigvis i ein god og interessant roman. Språket er stilreint, mjukt og presist, og slik ho ordlegg seg, vert ho spennande for lesaren, særleg ved alt ho ikkje nemner. (…) Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen, som er stykkja opp i mange små og nokre litt større tekstbitar. Ein observasjon av to gamle menn set fantasien i sving både hjå hovudpersonen og lesaren, og nokre av draumesekvensane er rett og slett nydelege, der det irrasjonelle tykkjest naturleg, og progresjonen er vilkårleg, utan instruks og innvending frå fornufta. Og litt etter litt, utan synlege grep frå forfattaren, utviklar romanen seg, det veks fram ein slags samanheng, ei rørsle i det tilsynelatande statiske, ein lengt etter nærleik, og kanskje ansvar, men teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén i Dag og Tid, 26.april 2013.

«Så mykje, så lite, og likevel ein heil roman. Lesaren forstår at det gjeld livet for begge kvinnene og at Sigrid Merethe Hanssen med «Sofia» utan dramatikk har skrive fram ein flott, stilisert og kunstnarleg kontrollert kleinkunstroman.» Jan Askelund i Stavanger Aftenblad, 22.april 2013.

«Sofia er en vakker liten perle av ei bok som anbefales for alle som liker de litt mer avanserte fortellingene. Jeg gleder meg til Sigrids neste roman!» Karis bokprat: http://karisbokprat.wordpress.com/2013/04/22/sigrid-merethe-hanssen-sofia/, 22.april 2013.

«Sofia er ei stillferdig bok med eit nydeleg språk.» Les myehttp://lesmye.blogspot.no/2013/04/sofia.html, 24.april 2013.

DETEKTIV SMARTBART OG SABOTASJEN PÅ BADET

«Hanssen gjer denne lett gjenkjennelege konflikten og kvardagslege handlinga  til ei uvanleg, spennande og artig historie (…) Sigrid Merethe Hanssen skriv ein nynorsk som er enkel og lett å lese og  oppfatte for ungar. Ho er også så velformulert at det litterære er godt  ivaretatt.  Melding i Nordlys 28.11.2011

INGEN HEIME

(…) Kontakten mellom mennesker er fokus, hvordan den oppstår, hvilken kvalitet den
har og hvordan den tar seg ut som døende. Hanssens nysgjerrighet er implisitt i
utforskningen av mellommenneskelighet. Og det metodiske grepet er paradokset. (…)

Omtale i Morgenbladet

«…dette er ei svært vellukka bok, med grundig gjennomarbeidde tekstar som er skrivne med truverde og innleving og med konsekvent og musikalsk språk.»

Melding i Dag og Tid av Odd W. Surén.

«På vart og intenst vis — med en antydningskunst som minner om Johan Borgen — lar Hanssen oss ane konturene av noe forferdelig. Den er en fortellerteknisk svært velgjort, fortettet og vakker novelle.»

Melding i Dagbladet

«For desse personane vi møter, gjer så mykje rart, uventa og ganske absurd. Novellene skapar spenning og forventning om kva hovudpersonane skal finne på.»

Melding i Nordlys

«Det er overraskande og fint å få i hende bøker frå ein ny forfattarskap som allereie er så prega av ei kyndig skrivarhand. I dei sju novellene i Ingen heime nyttar forfattaren eit klart språk, utan ekstra  dekorasjonar.»

Melding i Nordnorsk Magasin 4-2009

SPRANG

«Og hun har et svært dyktig håndlag med å mane fram varheten, vekslingene og det store underliggende behovet hos mennesker, spesielt hos barn og unge, for tilhørighet og samhørighet!» (Sunnmørsposten, 11.april 2007)

«en solid debutbok, sindig og dempet til tross for de avgjørende opplevelsene som beskrives.»

Melding i Dagbladet

Sprang er fascinerende lesning, og den forsiktige, repetitive og tålmodige nynorsken fungerer godt til å mane frem en tilstand som på samme måten som solen på omslaget tilhører det svarte og det hvite samtidig.

Melding i Litteraturmagasinet Jung

«Stilrene dykk i menneskesinnet.» (…) «I et dempet, repetitivt og poetisk språk forteller forfatteren om personer som gjennomgående er «åleine saman mellom desse andre og like åleine saman med kvarandre», og slik tematiserer novellene et generelt fravær av mellommenneskelig kommunikasjon.»

Melding i Aftenposten

«(…) førstepersonsfortellinger i presens. Dette gir stor nærhet og tilstedeværelse som har mye til felles med den vi kjenner fra poesien. Jeg er her. Jeg ser, tenker og sier dette nå.»

Melding i Nordlys

Reklamer