Bokmelding i Dag og Tid

Sofia«Eg-personen er ikkje heilt lett å verta klok på, derimot trur eg ein kan verta klok av henne, for ho eksisterer heldigvis i ein god og interessant roman. Språket er stilreint, mjukt og presist, og slik ho ordlegg seg, vert ho spennande for lesaren, særleg ved alt ho ikkje nemner. (…) Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen, som er stykkja opp i mange små og nokre litt større tekstbitar. Ein observasjon av to gamle menn set fantasien i sving både hjå hovudpersonen og lesaren, og nokre av draumesekvensane er rett og slett nydelege, der det irrasjonelle tykkjest naturleg, og progresjonen er vilkårleg, utan instruks og innvending frå fornufta. Og litt etter litt, utan synlege grep frå forfattaren, utviklar romanen seg, det veks fram ein slags samanheng, ei rørsle i det tilsynelatande statiske, ein lengt etter nærleik, og kanskje ansvar, men teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén i Dag og Tid, 26.april 2013.

 

Reklamer

Ei bok i påsken

Ungane eg trefte på turneen med Bok-og kulturbussen spurde om det finst fleire bøker om Detektiv Smartbart.

Snart finst det, kunne eg heldigvis svare, utan å snakke usant. For no i påsken passar det ekstra godt å finpusse på neste bok om familien Korneliussen, som denne gongen er på ferie.

Jaja, dei om det. Nokon må jo vere heime og skrive om det.

Detektiv Smartbart

– Korfor sei du «HO som har laga teikningane i boka?» Det er jo DU som har gjort det! (Oppmerksam lyttande tredjeklassing)                              

Nei, det er ikkje eg. Det er Åshild Irgens. Og for nokre fine illustrasjonar, ho har laga. Strålande er dei!

Framandgjeringa

«Kvifor skriv du bøkene dine på nynorsk?»

Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har fått det spørsmålet. Nesten aldri frå barn og unge. Mest frå journalistar og andre vaksne som strengt tatt burde vite betre.

Det er då eg skal sitere Jon Fosse:

”Kvifor skal eg argumentere for at språket mitt og til nokre hundre tusen andre skal få lov til å eksistere? Det er jo språket mitt, det eg kanskje er mest knytt til her i livet. Eg er veldig glad i språket mitt. Eg opplever det nedverdigande å skulle måtte argumentere for det?”

Og så gjer eg det. I likskap med mange andre nynorskbrukarar. Det er mantraet vårt. Men for ein nynorskbrukar som meg held det faktisk ikkje. På trumfkortet til den som så gjerne vil vite det uforståelege i nynorsken min står det: «Er ikkje du oppvaksen i ein bokmålskommune, hadde ikkje du bokmål som opplæringsmål, til og med som hovudmål? Stemmer ikkje alt dette? Og kva har du å seie til ditt forsvar?»

Og så forsvarer eg meg no så godt eg kan. Sikkert på ulike vis, alt etter høvet. Finn på ting som kan få brotsverket mitt til å verke mindre alvorleg. (Brotsverket er at eg opptar hylleplass i bokhandel og bibliotek, spalteplass i aviser, fleire sider i oppgåvesett til eksamen, tillet meg å søke på statlege stipend, lurer folk til å opne ei nynorsk bok, osv.)

På nettsidene til Språkåret 2013 er eg og ein annan nordnorsk forfattar oppført som eksempel på nynorskbrukarar frå nettopp denne lite nynorskbrukande landsdelen, til inspirasjon for dei som har lyst til å sette fokus på akkurat dette i høve Språkåret: «Mange nordnorske forfattarar som kjenner på ei slags språkløyse, finn ofte ei klarere stemme i det nynorske skriftspråket, ei stemme nærare deira eige talemål.»

Velmeint nok, men eg kjenner meg ikkje heilt igjen. Eg har ikkje bevisst vald å skrive nynorsk på grunn av språkløyse eller uklår tale. Nynorsk ER språket mitt, like mykje som bokmål ER det. Til og med som den skarve engelsken, tysken, spansken, fransken eg har tilegna meg gjennom livet er det. Det er rikdom eg har arva gjennom oppvekst, skolegang, utdanning, livet eg har levd. Treng det å vere nokon annan grunn enn det? Treng alt å handle om ein politisk konflikt mellom to skriftvariantar av talt norsk? Eg gidd ikkje la meg tvinge til ei kunstig polarisering. Eg er lykkeleg mangespråkleg. Kva med å innsjå at språk er kultur og språkleg mangfald er berikande og ikkje innskrenkande? Kva med å la fleire ungdommar få oppleve det slik, heller enn å fortelje dei at språk er så vanskeleg at det får dei ikkje lov til å lære på skikkeleg vis (jfr. forslag til ny læreplan for norskfaget.)

Eg er også lei av å forklare for «dei ekte nynorskingane», kvifor eg bruker språket «deira». Korleis det kjennest? Slik som når du aller nådigst ein gong i livet bad om å få bli inkludert i ei allereie etablert gruppe av ungar som hoppa strikk eller tau eller leikte sisten, om du hugsar det. Slik er det. Må eg verkeleg forklare kvifor Aasen valde namnet Landsmaal ein gong i tida på det som jo var det mest demokratiske språklege løftet ever, liksom?

Eg har presentert tekstane mine for vaksne, unge, eldre. Då er det likegyldig i kva målform dei er. Opplesinga, opplevinga og dialogen funkar. Og lesarar kjem til meg og fortel at dei liker tekstane mine, og har hatt stort utbytte av dei. Eg høyrer ikkje noko om at det er feil på språket eller at dei ikkje forstod det. Slik er det no berre.

«Men trur du ikkje at du får seld fleire bøker om du ikkje skriv nynorsk?» Igjen denne polariseringa. Sal, ikkje sal. Pengar, ikkje pengar.

Alt som ikkje lar seg forklare.

Sånn skolebuss skulle vi hatt!

Senja-turnéen med forestillinga om Detektiv Smartbart er over, og konklusjonen er: varmt mottatt på alle stoppestadene. Så mange ivrig lyttande 1.-5.klassingar gjer inntrykk på ein forfattar. Engasjerte spørsmål hadde dei også førebudd. Eit av svara mine blei formulert slik: «Noko som har  inspirert meg til å bli forfattar er sannsynlegvis alle bøkene eg las som unge». Det i seg sjølv håper eg kan gi inspirasjon til å lese, og sjølvsagt til å bruke biblioteket. Også det som av og til kjem rullande på hjul inn på skoleplassen.

Ofte høyrt dei siste 4 dagane: «Sånn skolebuss skulle vi hatt!»

Bok- og kulturbussen Interiør / Klar til forestilling i bussen

SMHEksteriør I

SMHEksteriør II

Berg

Ingen treng å vere i tvil: Dette funkar! Åpen skole og bibliotek på kveldstid i Senjahopen. 

Les meir om Bok- og kulturbussen i Sør-Troms (som blei nominert til årets bibliotek i 2012): norskbibliotekforening.no

På hjul før påske

Bok- og kulturbussen i Sør-Troms er på hjul no like før påske, og i dag var det Rossfjord skole (som rett nok ikkje ligg på Senja) som fekk besøk. Bussen er supersmart innreidd med sitteplassar for publikum og projektor, ein flott formidlingsarena. I tillegg er det utlån av bøker, lydbøker, musikk og film. bussen pÃ¥ senj