Ei bok i påsken

Ungane eg trefte på turneen med Bok-og kulturbussen spurde om det finst fleire bøker om Detektiv Smartbart.

Snart finst det, kunne eg heldigvis svare, utan å snakke usant. For no i påsken passar det ekstra godt å finpusse på neste bok om familien Korneliussen, som denne gongen er på ferie.

Jaja, dei om det. Nokon må jo vere heime og skrive om det.

Detektiv Smartbart

– Korfor sei du «HO som har laga teikningane i boka?» Det er jo DU som har gjort det! (Oppmerksam lyttande tredjeklassing)                              

Nei, det er ikkje eg. Det er Åshild Irgens. Og for nokre fine illustrasjonar, ho har laga. Strålande er dei!

Randabergboka 2012

Ein artig og uventa ting som kan skje når ein sender bøker ut i verda er at dei kan vise konkurranseånd, slik heilt ut av det blå. Som at Detektiv Smartbart deltok i kåringa av Randabergboka 2012. Og viktigast av alt: alle boksidene som desse fine femteklassingane har lese, og det viktige arbeidet som dei engasjerte bibliotekarane gjer.

Randaberg

Ein heil dag med barnebøker

At kommunestyresalen i Lenvik rådhus blir brukt til å presentere årets barnebøker, er ganske fint å tenke på. Dei som hadde meldt seg på årets Barnebokforum fekk ein heil dag i lag med litteraturen. Fleire litteraturformidlarar gav smakebitar frå alle dei flotte bøkene for barn og ungdom som er gitt ut i løpet av året. Det var også godt høve til å bla i bøkene i utstillinga til Lenvik folkebibliotek.

Samisk bibliotektjeneste ved Edel Olsen presenterte nye samiske barnebøker, nokre av dei også tospråklege (samisk og norsk tekst).

rådhuset

utsikta