Utanfor sesongen

Melding i Nordnorsk Magasin, nr. 4-2013

Nordnorsk Magasin 4-2013

Reklamer

Bokmelding i Dag og Tid

Sofia«Eg-personen er ikkje heilt lett å verta klok på, derimot trur eg ein kan verta klok av henne, for ho eksisterer heldigvis i ein god og interessant roman. Språket er stilreint, mjukt og presist, og slik ho ordlegg seg, vert ho spennande for lesaren, særleg ved alt ho ikkje nemner. (…) Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen, som er stykkja opp i mange små og nokre litt større tekstbitar. Ein observasjon av to gamle menn set fantasien i sving både hjå hovudpersonen og lesaren, og nokre av draumesekvensane er rett og slett nydelege, der det irrasjonelle tykkjest naturleg, og progresjonen er vilkårleg, utan instruks og innvending frå fornufta. Og litt etter litt, utan synlege grep frå forfattaren, utviklar romanen seg, det veks fram ein slags samanheng, ei rørsle i det tilsynelatande statiske, ein lengt etter nærleik, og kanskje ansvar, men teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén i Dag og Tid, 26.april 2013.

 

Ei gåte sist i boka

I Avisa Valdres, 26.11.2011, skriv Margunn Søyland Nesbakken:

Boka er morosam, og det er spennane å sjå koss Hagbart løyser sakene, oftast til beste for seg sjølv! Det dukkar opp ei gåte sist i boka som ikkje vert løyst, så det kjem sikkert fleire bøker om Detektiv Smartbart…Boka er illustrert med klare, artige teikningar.