Utanfor sesongen

Melding i Nordnorsk Magasin, nr. 4-2013

Nordnorsk Magasin 4-2013

Reklamer

Bokmelding i Dag og Tid

Sofia«Eg-personen er ikkje heilt lett å verta klok på, derimot trur eg ein kan verta klok av henne, for ho eksisterer heldigvis i ein god og interessant roman. Språket er stilreint, mjukt og presist, og slik ho ordlegg seg, vert ho spennande for lesaren, særleg ved alt ho ikkje nemner. (…) Røynd, fantasi og draum grip inn i kvarandre i denne romanen, som er stykkja opp i mange små og nokre litt større tekstbitar. Ein observasjon av to gamle menn set fantasien i sving både hjå hovudpersonen og lesaren, og nokre av draumesekvensane er rett og slett nydelege, der det irrasjonelle tykkjest naturleg, og progresjonen er vilkårleg, utan instruks og innvending frå fornufta. Og litt etter litt, utan synlege grep frå forfattaren, utviklar romanen seg, det veks fram ein slags samanheng, ei rørsle i det tilsynelatande statiske, ein lengt etter nærleik, og kanskje ansvar, men teksten er ikkje konkluderande, og lesaren er ikkje viss på kva som eigentleg skjer, eller har skjedd. Slik får dei lesande høve til å dikta med, og teksten opnar seg for framande blikk og vert levande og engasjerande.» Odd W. Surén i Dag og Tid, 26.april 2013.

 

Kunne ikkje vente

Kunne ikkje vente

Det er ei kjent sanning at ein ikkje kan få alt til jul. Heller ikkje denne boka. Men ein gong ut i det nye året. Då blir den første romanen min, Sofia, gitt ut. Eg sender manuskriptet frå meg ganske snart. Og når eg får det tilbake i bokform, ser framsida slik ut:

Omslaget er det svært dyktige Stian Hole som står for, og det er så fint og klokt at eg berre måtte få vise det fram. Det gode med alle sjangrane i litteraturen, er at ein kan kjenne seg som debutant igjen, når ein prøver seg på ein ny. Etter ei re-debutering med barnebok i fjor, kan eg no sjå fram til å debutere på nytt i 2013, som romanforfattar. Gler meg. Gruer meg. Gler meg.